dragseidspelet.jpg
 
 

Året er 997. Kong Olav Tryggvasson har kalla menn frå fire fylke saman til ting på Dragseidet.
 

Der møtest dei, kongshæren og bondehæren med menn frå dei fire fylka Firda, Sygna, Sunnmøre og Raumdøla fylke. Med seg har Kongen ‘den nye trua’; kristendomen. Beskjeden til dei heidenske vikingane er klar: Ta i mot trua, eller kjemp ein dødens kamp mot Kongen sin sterke hær av kristne soldatar.

Dragseidspelet "På Sverdeggja" er eit frilufsspel med bakgrunn i Kong Olav Tryggvasson si kristning av fire fylke, som i følgje historia skal ha funne stad på Dragseidet på Stadlandet i år 997. Spelet er skrive av Rolf Losnegård og vart for første gong presentert ved det storstilte 1000års-jubileet for hendinga i 1997. Eit vikingtun vart bygd opp på staden der hendinga etter sagnet skal ha funne stad. Rundt 8000 menneske såg jubileums-forestillingane, som vart opna av Hans Majestet Kong Harald. Sidan jubiléet i ’97 har Dragseidspelet blitt synt 13 gongar,og i høve jubileet i 2011 tok Losnegård pennen fatt og tok spelet til nye høgder med ein ny rollefigur og ein marknad i forkant av spelet.

Den historiske kjelda til spelet ligg i Snorre og i Dagfred Berstad si omsetjing av delar av Flatøyarbok frå islandsk til norsk. Her ligg også grunnlaget for historia om hovudpersonen i spelet, Ragnvald frå Ervik på Stadlandet. Ragnvald er ein høgt akta stormann. Som Kongen sin fange spelar han, og familien hans, ei framtredande rolle i handlinga.

Dramaet balanserer på sverdeggja, frå klingande sverd til opprivande, sterke kjensler og kjærleik. 

English:

In the year 997, King Olav Tryggvasson summons men from four counties for an assembly known as a Thing. 

They met on Dragseidet, the Kings soldiers and the assembly of local Norse vikings. With him the King brought ”the new faith”, Christianity. He gave the pagan vikings a choice - abandon the old Norse Gods and accept the one Christian God, or fight to the death against his army of Christian soldiers. 

Dragseidspelet “På Sverdeggja” (Translation: On the edge of the sword) is an outdoor play based on King Olav Tryggvasson’s christening of four counties, which according to historical sources took place on Dragseidet, Stadlandet in the year of 997. The play is written by the acclaimed author, Rolf Losnegård. 

As part of the 1000 year anniversary in 1997, a viking village was built on the location where it all took place, Dragseidet, setting the scene for debut performances of Dragseidspelet. About 8000 people watched the two anniversary performances
which was opened by His Majesty King Harald V. 

The historical source for the play is found in Snorre, and in Dagfred Berstads translation of parts of the Flatøyarbok. The drama balances on the edge of the sword, with conflicting emotions and faith, from life to death.  

 

27.-28. mai 2023

Laurdag 27.05 kl. 15.00
Søndag 28.05 kl. 14.00

Møt opp i god tid for å oppleve aktivitet i tunet på Dragseidet.

 


 

Billettar


Billettar kjøpt på førehand ved bruk av Vipps (innan 26.5).
Vipps 536985 Stadlandet Ungdomslag.
Hugs namn, antal/type billettar og dag.

Vaksne kr 250,-
Born kr 75,- (1.-10. kl)

Grupperabatt ved førehandskjøp, min. 10 personar.
Kontakt: 90994614.


Speleplassen
Laurdag 27.5 og søndag 28.5
Vipps, kort og kontant

Vaksne: kr. 300,-
Born: kr. 100,- 

Reisemåtar

Det er mange måtar å kome til Dragseidet på. Bil, båt, buss og fly er alle mogelege.
Vi vil imidlertid understreke at ein ikkje kan køyre heilt fram til speleplassen. 
Det er lagt til rette for transport frå nærliggande parkeringsplassar, og ein kan også
enkelt spasere til Dragseidet frå mange av desse.

Bil frå Bergen til Stadlandet

Bil frå Ålesund til Stadlandet

Bil frå Oslo til Stadlandet

Båt fra Bergen til Selje

Fly til Sandane med Wideroe


Vegstenging

I samband med Dragseidspelet vert fv. 632 over Dragseidet stengt.


Overnatting

Det finst ulike alternativ for overnatting i området, frå hotell til camping.
Sjå VisitNorddfjord si oversikt her

Aktørar

Aktørgruppa utgjer knappe 100 personar i aldersgruppa 4 til 75 år - i stor grad henta frå lokalmiljøet.
Dei sju første oppsetjingane av spelet bestod kun av ivrige og dyktige amatørar, men frå 2006 har ei blanding
av amatørar og proffesjonelle vore ei suksessoppskrift for Dragseidspelet, som består av eit sterkt sosialt fellesskap.


Forfattar: Rolf Losnegård
Komponist: Per Janke Jørgensen
Regissør: Jeff Pedersen

 

Taleroller

Ragnvald frå Ervik: Åsmund-Brede Eike
Sigrid, kona hans: Katrine Lunde Mackenzie
Gunnar ”Raud”, son deira: Marius Sjåstad Kongsvoll
Gyda, mor til Ragnvald: Randi Hoddevik
Olav Tryggvason, Noregs konge: Paul Jacob Helgesen
Sigurd bisp: Per Helge Helgesen
Kolbjørn Stallar: Jeff Pedersen
Atle frå Stårheim: Rolf Losnegård
Tordis, kona hans: Hilde Vik Gloppestad
Astrid, dotter deira: Martha Helgesen
Svåva, tenestekvinne:  Heidi Endal
Flåse Storkjeft: Hans Christian Helgesen
Harald Sunnmørsherse: Per Kenneth Hovdevik
Eirik Moldagjest, Raumdølaleiaren: David Haaland
Øyvind Syrtonn, leiar Sygnaflokken: Brynjar Hatlegjerde
Balg Brimskjegg, Fjalafylket: Øyvind Magne Sjåstad
 

Organisering

Stadlandet Ungdomslag fekk det kunstnarlege ansvaret med oppsetjinga av spelet ved oppstarten i 1997, og tok etter markeringa over alle rettar og plikter knytta til Dragseidspelet “På Sverdeggja”. Organiseringa av spelet vert leia av styret i Stadlandet Ungdomslag.

Margit Fløde : Leiar i Stadlandet Ungdomslag og Produksjonsansvarleg
Musikkansvarleg: Line Dybedal
Arena: Bård Fløde
Kostyme: May Britt Ervik
Sminke: Sara Kvernevik Kongsvoll

 

Støttespelarar

Vil du bidra? 
Ta kontakt med Stadlandet Ungdomslag ved Margit Fløde. 
Kontaktinfo under. 
 

Kontakt

For alle henvendelsar ta kontakt med Stadlandet Ungdomslag ved leiar Margit Fløde. 

Epost: stadlandetul@gmail.com
Telefon: +47 90994614 / 94152262

Postadresse: Stadlandet Ungdomslag
v/ Margit Fløde
Fløde 21
6750 Stadlandet

Facebook
Instagram