Plakat.jpg
 
 

Året er 997. Kong Olav Tryggvasson har kalla menn frå fire fylke saman til ting på Dragseidet.
 

Der møtest dei, kongshæren og bondehæren med menn frå dei fire fylka Firda, Sygna, Sunnmøre og Raumdøla fylke. Med seg har Kongen ‘den nye trua’; kristendomen. Beskjeden til dei heidenske vikingane er klar: Ta i mot trua, eller kjemp ein dødens kamp mot Kongen sin sterke hær av kristne soldatar.

Dragseidspelet "På Sverdeggja" er eit frilufsspel med bakgrunn i Kong Olav Tryggvasson si kristning av fire fylke, som i følgje historia skal ha funne stad på Dragseidet på Stadlandet i år 997. Spelet er skrive av Rolf Losnegård og vart for første gong presentert ved det storstilte 1000års-jubileet for hendinga i 1997. Eit vikingtun vart bygd opp på staden der hendinga etter sagnet skal ha funne stad. Rundt 8000 menneske såg jubileums-forestillingane, som vart opna av Hans Majestet Kong Harald. Sidan jubiléet i ’97 har Dragseidspelet blitt synt 11 gongar,og i høve jubileet i 2011 tok Losnegård pennen fatt og tok spelet til nye høgder med ein ny rollefigur og ein marknad i forkant av spelet.

Den historiske kjelda til spelet ligg i Snorre og i Dagfred Berstad si omsetjing av delar av Flatøyarbok frå islandsk til norsk. Her ligg også grunnlaget for historia om hovudpersonen i spelet, Ragnvald frå Ervik på Stadlandet. Ragnvald er ein høgt akta stormann. Som Kongen sin fange spelar han, og familien hans, ei framtredande rolle i handlinga.

Dramaet balanserer på sverdeggja, frå klingande sverd til opprivande, sterke kjensler og kjærleik. 

 

 

 

8.-9. juni 2019

 

Då er tidspunktet for neste Dragseidspel bestemt; datoane er 8.og 9.juni 2019, pinsehelga. 

Merk deg datoane alt no, anten du vil vere publikum eller tenkjer å vere med som aktør. Vi treng mykje folk - i store og små viktige roller.

I tillegg er det mange arbeidsoppgåver knytta til arrangementet.Kan du vere aktuell,set vi pris på å høyre frå deg.

 


 

Oppsummering 2016

Dragseidspelet "På Sverdeggja" 2016 er historie. Arrangøren konstaterer at dette vart eit svært vellykka arrangement på alle måtar. Veret var strålande begge dagane, aktørane p alle plan gjorde ein framifrå innsats som resulterte i "tidenes spel". Publikum strøymde til og dekorerte fjellsida til ei stor glede og inspirasjon for både skodespelarar og arrangør. 

Eit publikumstal på omlag 1000 personar og fleire gode tilskotsytarar, resulterte i eit fint overskot. Dette vil kome framtidige spel og andre lagsoppgåver til nytte. I første omgang vil ungdomslaget lage handicaptoalett/garderobe på grendahuset. Dette skal stå ferdig i oktober, og dermed har huset fått på plass eit nødvendig og etterlengta tilbud - muleggjort av overskot frå årets Dragseidspel. 

Og nytt spel? For både arrangør, aktørar og publikum synest ein treårssyklus å fungere bra. Så sannsynlegvis sjåast vi att i Vikingtunet på Dragseidet i 2019.

Helsing frå Stadlandet Ungdomslag
 

Billettar

Billettar til spelet selgast ved speleplassen: vaksne kr. 200 / born kr. 100
Grupperabatt ved førehandskjøp, min 10 personar: kr. 180/80 pr. person

Etter ein del forespørslar, åpnar vi for førehands av billettar til enkeltpersonar,
via telefon og epost: 0047 90994614  /  stadlandetul@gmail.com

Hugs kontantar!

Reisemåtar

Det er mange måtar å kome til Dragseidet på. Bil, båt, buss og fly er alle mogelege. Vi vil imidlertid understreke at ein ikkje kan køyre heilt fram til speleplassen. Det er lagt til rette for transport frå nærliggande parkeringsplassar, og ein kan også enkelt spasere til Dragseidet frå mange av desse.

Bil frå Bergen til Stadlandet

Bil frå Ålesund til Stadlandet

Båt fra Bergen til Selje

Vegstenging

I samband med Dragseidspelet vert fv. 632 over Dragseidet stengt.

28.5 kl 14.45-16.00. 
29.5 kl 13.45-15.00

Løyvet er gitt av Statens vegvesen.

Overnatting

Det finst ulike alternativ for overnatting i området, frå hotell til camping.
Sjå Opplev Selje si oversikt her.

Opplevingar

Kombiner Dragseidspelet med ei opplevingsrik helg på Stad. 

Det blir salsmesse og utstilling av dyr og produkt i "sentrum" v/Kjerringa Husflidlag og bøndene i kommunen, både laurdag og søndag. 

Søndag 29. mai arrangerer Stadt Naturguiding vandring i Ragnvald frå Ervik sitt rike. Turen går i lett og fint terreng med flott utsikt over Ervik og Stadhavet. På turen får du høyre om hovdingen Ragnvald og andre spennande historier frå dette vakre og dramatiske landskapet. Tid ca 3 t . For meir informasjon: www.stadtnaturguiding.no

På fredag 27. mai og søndag 29. mai (stengt laurdag) kan ein oppleve utstillinga "Kvardags-skildring" rundt år 1000 - eit kunstuttrykk i ulike medium, i form av bilde, tekstil og skulptur. Utstillinga er på Borgundvåg Gard. www.natin.no

Sjå Visit Nordfjord si oversikt over aktivitetar i området. 

 

Aktørar

Aktørgruppa utgjer i overkant av hundre personar i aldersgruppa 4 til 75 år - i stor grad henta frå lokalmiljøet. Dei sju første oppsetjingane av spelet bestod kun av ivrige og dyktige amatørar. I 2006 kom forfattaren av spelet, Rolf Losnegård inn som regissør og intstruktør, og den engelske scenekampinstruktøren Jeff Pedersen vart hyra inn for å utvikle dei dramatiske kampane i spelet. Dette året kom også Roger Hilleren inn som spelet sin første profesjonelle skodespelar, i rolla som Ragnvald frå Ervik.

Ved framsyninga i 2009 dukka Mikkel Gaup opp på rollelista, og fekk i 2011 følgje av Idun Losnegård. Blandinga av amatørar og proffesjonelle er ei suksessoppskrift for Dragseidspelet, som består av eit sterkt sosialt fellesskap.


Forfattar: Rolf Losnegård
Komponist: Per Janke Jørgensen
Regissør: Jeff Pedersen

 

Taleroller

Ragnvald frå Ervik: Roger Hilleren
Sigrid, kona hans: Idun Losnegård
Gunnar ”Raud”, son deira: Mikkel Gaup
Gyda, mor til Ragnvald: Randi Hoddevik
Olav Tryggvason, Noregs konge: Paul Jacob Helgesen
Sigurd bisp: Per Helge Helgesen
Kolbjørn Stallar: Ove Aarsheim
Atle frå Stårheim: Rolf Losnegård
Tordis, kona hans: Anne Liv Ervik
Astrid, dotter deira: Maria Haaland
Svåva, tenestekvinne:  Mai-Hilde Eriksen
Flåse Storkjeft: Hans Christian Helgesen
Harald Sunnmørsherse: Per Kenneth Hovdevik
Eirik Moldagjest, Raumdølaleiaren: Bård Fløde
Øyvind Syrtonn, leiar Sygnaflokken: Helge Borgund
Balg Brimskjegg, Fjalafylket: Alf Teigen

 

Organisering

Stadlandet Ungdomslag fekk det kunstnarlege ansvaret med oppsetjinga av spelet ved oppstarten i 1997, og tok etter markeringa over alle rettar og plikter knytta til Dragseidspelet “På Sverdeggja”. Organiseringa av spelet vert leia av styret i Stadlandet Ungdomslag.

Margit Fløde : Leiar i Stadlandet Ungdomslag og Produksjonsansvarleg
Musikkansvarleg: Per Janke Jørgensen og Stig Arild Reknsnes
Arena: Bård Fløde og Alf Teigen
Kostyme: May Britt Ervik
Sminke: Eli Thelen Sjåstad
Logistikk: Ove Aarsheim
 

Støttespelarar

Dragseidspelet har ei rekkje viktige økonomiske støttespelarar. Desse vil synleggjerast i ulike samanhengar rundt spelet. 

Vil du bidra? 
Ta kontakt med Stadlandet Ungdomslag ved Margit Fløde. 
Kontaktinfo under. 
 

 

 

 

Kontakt

For alle henvendelsar ta kontakt med Stadlandet Ungdomslag ved leiar Margit Fløde. 

Epost: stadlandetul@gmail.com
Telefon: +47 90994614

Postadresse: Stadlandet Ungdomslag
v/ Margit Fløde
6750 Stadlandet

Facebook
Instagram